Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Malmin fokuserer på folkemusikken frå Suldal og Bjerkreim i Rogaland.

Malmin er :

Anders Sundsteigen Hana (mikrotonal gitar, langeleik, munnharpe)-Stavanger
Olav Christer Rossebø (fele, hardingfele, mikrotonal mandolin, triangel)-Tysvær

Duoen består av to erfarne og godt etablerte musikarar; Olav Christer Rossebø er kjent frå band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien , Geitungen og Bergen Mandolinband. Anders Sundsteigen Hana spelar elles med Naaljos Ljom og The End og har tidlegare vore med i band som Noxagt, MoHa og Ultralyd.

Musikken har dei lært frå arkivopptak med dei gamle meistrane. Ein del av slåttane har dei prøvd å leggja så tett opp til utøvaren som mogleg, medan andre har dei bevisst dratt i ei anna retning ved å halda seg til naturskalaen og gamle langeleikskalaer.

Dei nyttar tradisjonelle instrument som hardingfele, vanleg fele, langeleik og munnharpe, men òg gitar og mandolin som dei har rigga mikrotonale for å betre kunne spegla tonaliteten ein høyrer i arkivopptaka. Det vert også sagt at triangelet er spesialbestilt frå Vågå, smidd av stålet frå ein gammel høygaffel, for å oppnå den rette klangen.

Med vokalist Åshild Vetrhus på laget, har den musikalske horisonten blitt utvida og inkluderer nå òg den religiøse musikken, spesielt ifrå Ryfylke. Trioen har gjort mykje arbeid med arkivopptak og har latt seg inspirera av den gamle tonekjensla. Denne konserten kjem til å innehalda tonesteg som ligg utanfor det tempererte system, eller dei tonane ein vanlegvis får fram på eit piano. Rossebø og Hana trakterer mikrotonale instrument og saman med Åshild prøvar dei å mana fram dei gamle tonane frå ei svunnen tid.

Opplev musikken

Spotify

Bildegalleri